Ved første augeblikk kan ein
fort bli skremt av utsjåande til Harry. Han er ein mørk høg mann i 40 åra, kor
rynkene allereie har kome. Den slanke, men breiskuldra kroppen er ca. 190 cm
høg. Harry har mange eigenskapar som gjer han til eit Individ. Vi har lese om
både ein snill, omsorgsfull, viljesterk og barsk Harry.
Harry er ein sikker, men også
usikker person. På jobben er han sikker. Der har han kontroll og han veit som
regel kva som må gjeras. Han er ikkje redd for å si meininga si og tek heller
nokon sjansar enn å vente på at noko skal skje. Utanfor jobben får vi sjå ein
litt meir usikker Harry. Det er ikkje alltid han har kontroll på seg sjølv og
han har veldig lett for å ta seg litt for mange drinkar. På fritida får vi også
glimt av ein følsam Harry. Han tek lett til tårane og det skal ikkje mykje til
for å røre han. Dermed er Harry ein dynamisk person, fordi han varierer mellom
å vere ein sikker og ein usikker person.
Bjørn Holm
Bjørn er ein morosam totning,
som skaper liv i romanen. Språket hans kan til tider vere skarpt og barskt, men
han meiner det berre godt. Han er som regel i godt humør, men kan også bli
ganske irritert og frustrert til tider dersom ikkje saker og etterforskinga går
som det skal. Eg meiner derfor at Bjørn er eit individ. Personlegheita til
Bjørn endrar seg ikkje, men han kan endre meiningane sine etter andre sine
personers synspunkt i ein sak. Dermed vert Bjørn ein statisk person.
Jonas Becker
Jonas er sonen til Birte og Fillip Becker. Han er ein liten beskjeden gut på rundt 10 år. Til å vere så ung er Jonas ein sterk gut. Han opplever mykje skummelt og uvanleg, men det bryt han ikkje ned. Forholdet hans til foreldra sine er veldig forskjellig. Han er veldig glad i mor si og høyrer på det ho seier. Dei har betre kontakt enn Jonas og Fillip. Når han er med far sin er han ein meir stille og beskjeden gut som ikkje lika å høyre på far sin. Dermed er Jonas ein dynamisk person. Han er også eit Individ ettersom han er sterk, beskjeden og omsorgsfull.