mandag 13. januar 2014

Bloggoppgåve veke 2

Kapittel 20

På Arresten får Filip Becker besøk av Harry Hole. Becker fortel Harry at han ikkje har noko med forsvinninga til Camilla Lossious eller snømannen å gjere. Det som hadde hent var at Becker hadde funne ut at Birte hadde jamleg hatt sex med Erik Lossious. Erik var ein rik mann som hadde fått råd til dottera Camilla. Harry konfronterer Erik, med det Becker har fortald om dei hemmelege møta mellom Erik og Birte. Om kvelden får Harry besøk av Rakel. Dei har sex og når ho har dratt får Harry ein kjensle av at det er nokon som følgjer med på han. 

Kapittel 21

Harry skal vere med på tv programmet "Bosse". Fleire andre kjendisar skal også vere med, blant annen Arve Støp. Mot slutten av programmet er Harry og Arve inne hos Bosse likt. Dei får begge spørsmål av Bosse, men også Harry stiller Arve nokre underlege spørsmål. Eit eksempel er "lager du snømenn, Arve?" Rett før dei skal runde av sending, fortel Harry at snømannen fortsatt er på frifot.

Kapittel 22

Gunnar Hagen finn Harry på Schrøder Restaurant. Måten Gunnar trer frem på er bestemt og fylt av sinne. Lovbrotet Harry gjorde da han fortalde at Snømannsaken endå ikkje var oppklart, skapte uro hos kriminalsjefen og politiet. I det Harry går heim, får han ein kjensle av at det er nokon som følgjer ette han. Det var Filip Becker. Kort fortel han at han har tatt ein farskapstest av Jonas. Svaret var kome og Filip var ikkje faren til Jonas. Prøvene av Jonas var også sendt inn for mange år tilbake. Den gongen av Marienlystklinikken, kor Idar Vetlesen jobba før.

Kapittel 23

Tresko har fått i oppdrag å analysere tv programmet, Bosse, og sjå etter om Arve lyg. Det var ikkje store funnet, men han finn ut at Arve lyg når han seier at det ikkje er arvelege sjukdommar i familien. Harry får fleire opplysningar same kvelden. Gerda på rikshosbitalet fortel at for mange år tilbake, når Marienlystklinikken fantes hadde dei sendt inn uvanleg mange farsskapstestar. Dette får Harry til å tenkje. Han og Katrine Bratt dreg opp til Sollihøgda for å ta prøver av tvillingene Ottersen. Under besøket får Harry misstenkelege tankar om Katrine.