Spm. 1. Eg trur ikkje trylledrikken er nemnt i filmen fordi i filmen er ikkje mora til Isolde med. I filmen fekk vi høyre at mora til Isolde døydde tidleg. I teksten derimot sto det at det var ho som hadde laga trylledrikken. Ettersom dei har kutta ut ho i filmen, har dei også kutta ut trylledrikken.
Spm. 2. Situasjon 1: Det er ingen lett situasjon Isolde har kome opp i, men eg syntes ho løyser den på ein grei måte. Ho gjev Tristian mat og det han treng for å overleve, samtidig som ho klarar å halde han i skjul for faren sin. Dermed held ho både Tristian og seg sjølv utanfor fare. Isolde set derimot hjelparen sin i fare, ved å heile tida ta med henne ut for å levere mat og drikke.
Situasjon 2: Isolde må gifte seg med ein ho ikkje elskar som er ein nær venn av den ho eigentleg elskar. Eg syntes ho taklar situasjonen bra i starten, men etterkvart er ho berre meir og meir med Tristian. Dette syntes eg er urettferdig mot han ho har gifta seg med. Ho treg strikken alt for langt og etter mi meining syntes eg Isolde burde sagt ifrå til den ho gifta seg med før.
Spm. 3. Grunnen til at denne typen historier vart til i Mellomalderen trur eg er på grunn av at denne perioda var overgangen til ei nyare tid. Ein bestemte ikkje sjøl kven ein skulle gifte seg, det var kriger og uvennskap, før den nyare tida kom. Historiene vart laga for å vise korleis det var før nyare tid.
Spm. 4. Handlingen foregår i eit gammelt miljø. Med det meiner eg at dei bur i gamle nedslitte hus, under dårlige kår, samtidig som flere av handlingene deira er handlinger vi aldri ville gjort idag. For eksempel når dei sende Tristian ut med båten fordi dei trudde han var dø. Ein kan sikkert finne fleire ulike moraler i teksten, men den eg syntes er tydelegast er "kjærleik gjær ein blind". Gjennom historia møtes Isolde og Tristian i skjul, sjølv om dei eigentleg veit at det ikkje er riktig. Dette er et tema som vi også finn i dagens samfunn og kultur. Denne moralen/kulturen vil eg ikkje seier har påverka miljøet direkte, men handlingane Isolde og Tristian gjorde trur eg er noko alle lærde av.
Spm. 5. Kjærleiken mellom Tristian og Isolde er umogleg, ettersom Isolde vert gifta bort til Kongen som hadde passa på Tristian gjennom mykje av oppveksten. Mannen og Tristian har eit nært band som gjær at Tristian ofrar kjærleiken (så lenge som han klarer) for sin gode venn.
Spm. 6. Som sagt fortel historia at "kjærleik gjær ein blind", samtidig motbeviser historia denne teorien. Når Kongen finn ut om det hemmelege forholdet mellom Tristian og Isolde, ber han dei reise. Tristian klarer ikkje å svikte kongen på denne måten. Han sender dermed Isolde bort for å hjelpe Kongen.
Historia fortel oss også at ekteskap ikkje er noko ein bestemmer sjølv, men ein sin plass i samfunnet vil vere med på å avgjere kven ein skal gifte seg med. Tristian vann kampen om "prinsesse" Isolde, og dermed måtte ho gifte seg med Kongen til Tristian.